Søndag 27. oktober kl 16:30 skal Landås skoles musikkorps ha konsert i Ulriken bydelshus. Alle er velkomne!
Korpset fyller 65 år i 2024, og vil difor invitere til ein ekstra god og staseleg konsert. På programmet er det underhaldande musikk i mange ulike sjangrar, både klassisk musikk, filmmusikk og halloweenmusikk. Musikkinnslaga kjem frå dei yngste til dei eldste: Rekruttar, juniorkorps og hovedkorps. I tillegg vert det innslag frå mindre instrumentalgrupper.
Konsertstart 16:30, billettpris er 50,- for vaksne og gratis for born under 18.
Konferansier er Christian Nesset, og dirigentar er Rita Kvalnes, Viggo Vea og Runa Underhaug.
Kom og høyr!
ingen kommentarer enda