Julestemning!

Julestemning!

Søndag, November 30, 2025

I dag spreidde Landås skoles musikkorps julestemning på Landås - både på Lystgården og i Strimmelen. For meir julestemning - kom 14. desember kl 18 til Landås kyrkje!

For første gong i år spelte korpset på Lystgården julemarked, og det var ei kjekk oppleving! Korpset sin faste dirigent Rita var opptatt med eigen konsert, så takk til Espen som stilte sporty opp som vikar. Kjekt å få delta på eit slikt flott arrangement lokalt på Landås. Takk til Lystgården for sveleservering etter spelinga!

Vidare var det tradisjonell julegrantenning i Strimmelen borettslag, der korpset spelar til tenning av fire ulike tre i borettslaget. Rita var ferdig med konsert og på plass for å lose korpset gjennom alle trea. Her var det god stemning, og regnet haldt seg unna, noko som bidrog til ein vellukka ettermiddag på Landås.

Takk til Strimmelen borettslag for at korpset fekk vere i lokala dykkar, for gløggservering, og for generell god stemning! Me ser fram til neste år, og håpar på like godt vêr!

ingen kommentarer enda
Søk
Driftes av Styreportalen AS