23. januar hadde Landås skole besøk av Sjøforsvarets musikkorps, som var på turné for å vise fram korpsmusikk og korpsinstrument for alle elevane på skulen. Junior- og aspirantmusikantane i LSM spelte med på Badebussen!
Det var kjekt med besøk av desse greie og flinke musikantane. Dei hadde publikum i si hule hand, og viste fram omtrent alle instrumenta i eit janitsjarkorps. Me håpar nokre av elevane på skulen såg eit instrument dei vil prøve i korpset seinare i vår!
Som avslutningsnummer spelte juniorane og aspirantane i Landås skoles musikkorps med på Badebussen, det var kjekt å vere ein del av noko som høyrtes så bra ut!
Takk til Sjøforsvarets musikkorps, og kom gjerne igjen.

ingen kommentarer enda

