September var ein aktiv månad for korpset, med loppemarknad på Slettebakken skule og oppstartstur til Voss saman med Haukeland/Kronstad skulekorps.
Det var ei flott helg for dugnadsarbeid med ein god del fint vêr, svelesteiking og kafé ute og inne, og mange flotte lopper. Det var kø lenge og me håpar mange forlot loppemarknaden med nokre gode kupp. Stemninga hos seljarane frå korpset var god, og det var tid til litt leik for dei yngste musikantane og søskena deira.
Helga etter vart det tur til Voss!
På Voss var det øvingshelg for alle musikantane, både hovedkorps, juniorkorps og rekruttar. I tillegg var musikantar frå Haukeland/Kronstad sitt juniorkorps og aspirantkorps med oss vidare. Det var ei kjekk helg der me vart betre kjent og musikantane litt flinkare til å spele på instrumenta sine.
Vêret var nydeleg, så i tillegg til øving var det rom for bading, sparkesykling, leiking, tur til Voss sentrum, svelesteiking til lunsj, sosialliv utover kvelden og grilling på stranda før avreise.
Måndagen etter vart helga avslutta med ein hentekonsert på Landås skule, der juniorkorpst og rekruttane viste kva dei hadde lært i helga. På den konserten var det stas å vere publikum.