I helga var det tur til Skjergardsheimen i Øygarden for hovedkorpset. Det var flotte dagar med musikk, padling, spel, mat og sosialt samvêr. Ein god start på eit nytt korpsår!

Mykje plass til både ute- og inneaktivitet på Skjergardsheimen! Dette var første seminar med ny dirigent, trompetist Sindre Bowitz Larsen, og med nye musikantar som rykte opp frå junior i sommar. I tillegg var det med nokre av dei eldste juniorane i juniorkorpset, som fekk ein smak på hovedkorpsmusisering. Alle gjorde ein strålande innsats i helga, og var ein kjekk gjeng å ha med på tur.

Gruppeøvingar på laurdagen. Sindre instruerte messingen, Knut Magnus Bøen instruerte treblåsen, og vår vanlege slagverkhjelper Alvaro instruerte slagverket - her er han saman med både slagverk og bassinstrument - dei fekk rytmane til å groove.

På laurdag vart det utflukt til sjøen. Me tok med oss herlege havrevafler, og det vart padletur for heile korpset og dirigent. Sola kom fram, så etter padlinga vart det bading. Flotte forhold og godt humør på både barn, ungdom og vaksne.

Felles uteaktivitetar laurdag kveld.
Takk for ei kjekk helg til alle musikantar, dirigent, instruktørar, følgeforeldre som hjelpte til med matlaging, rydding, fiksing, øvevakt etc., og de som kom og henta og fekk med dykk ein kjekk hentekonsert. Imponerande med konsert berre to veker etter sesongstart! Ser fram til resten av hausten!

