I helga hadde LSM ein strålande start på hausten med eit inspirerande oppstartsseminar på Bergen inkluderingssenter. Helga var fylt med musikkglede, leik, læring og mykje god stemning!
Hovedkorpset tjuvstarta fredag, medan resten av musikantane kom på laurdag og søndag. Totalt for helga samla me nesten 60 musikantar! Målet med helga var å styrke samhaldet mellom gamle og nye medlem, samt å bli enda betre på musikk – begge deler var vellukka!
På søndagen fekk me ein strålande konsert med alle tre korps. Det var herleg å høyre alt dei har fått til på så kort tid! Laurdagen var full av aktivitetar: Musikkøving, gymsalleik, lunsj med deilige bollar og brød frå Baker Brun (tusen takk!), instrumentvedlikehald, boblefotball, pizza, perling, teikning, spel, bingo, kino – og mykje godt humør! Det er ein flott gjeng me har i LSM.

Juniorkorpsøving.

Lunsjservering!


Gruppeøving hovedkorps: Kornett og slagverk

Boblefotball! Raude mot blå.

Boblefotballturnering: Eitt lag vann alle sine fire kampar!

Pizza for alle

Bingostemning!

Og så avslutta kvelden med kino:)
På søndag haldt helga fram med meir øving, gymsalleik, god mat, perling og moro, før me fekk avslutningskonsert.
Konserten starta med ein flott liten trommeduo av dei to eldste trommisane våre, før me fekk høyre aspirantane med fleire små stykke, mellom anna C-Jam Blues frå Blåståget. Dei fleste aspirantane starta på instrumenta sine i haust, og det var flott å høyre dei saman med korpset sin nye dirigent, Vilde Haukås Fosse. Dei har kome langt på kort tid! Juniorkorpset kom etter og spelte Eventyrsuite under leiing av ein annan ny dirigent: Janne Cecilie Knutsen. Junior har mange nye medlem som nettopp kom opp frå aspirant, og dei høyrtes allereie veldig bra ut saman! Hovedkorpset, som avslutta konserten, har òg fått nye ansikt som har vore på første øvingshelg med hovedkorpset. Under leiing av Rita Kvalnes har dei øvd på alt frå spelmusikk til julesongar denne helga. På konserten fekk me høyre Tema frå Gudfaren, Tema frå Harry Potter og Saxophone rag med tre saksofonsolistar.

Takk til alle foreldre som har hjelpt til i helga, takk til musikantane som har stått på, takk til dirigentar og instruktørar, takk til Baker Brun, og takk til Bergen inkluderingssenter for at me fekk vere der i helga! Veldig kjekt og god plass til oss alle:)
Ser fram til neste øving, og til neste sosiale hending med denne flotte gjengen.

Og når eg er i gang med å takke: Tusen takk til støttelaget! Førre helg var heile korpset i gang for loppemarknad på Slettebakken skole. Så etter to aktive og vellukka korpshelger skal me no slappe litt av - heilt til neste hending!