For andre år på rad vart det sol og sommar på 17. mai i Bergen. LSM stilte opp på skuleplassen og i toget på Landås, og gjorde ein flott figur med både aspirantar og meir erfarne musikarar.


Musikantane i Landås skoles musikkorps viste seg frå si beste side trass varmen, og spelte på skuleplassen, i toget, foran eldresenter og avslutta foran omsorgstunet. Etterpå fekk musikantane brus eller is og var frie til å delta i leikane eller hjelpe til med arrangementet - korpset står for kafé og nokre av leikane på skulen.

Takk til musikantane som spelte flott for oss. Takk til dirigenten vår som leia oss igjennom ettermiddagen. Takk til alle foreldre som sto på med hjelp før, under og etter toget, med kafé og leikar, og i forkant med førebuing og planlegging. Ein stor innsats frå alle, som blir satt pris på.

Alle foto: Eirik Helgøy