Sommartur til Bornholm

Sommartur til Bornholm

I år gjekk korpset sin sommartur til Bornholm korpsfestival, via NM i Larvik. Det var veldig kjekt!

Fredag gjekk bussen frå Landåshallen til Larvik. Det var ein lang busstur, med sushistopp på vegen. Vêret var fint til pausene, og stemninga var god.

På laurdagen sto NM for tur! Landås stilte i tredje divisjon og gjorde ein god og flott konsert - sjølv om resultatet ikkje vart heilt som det vart håpt på. Me som var i publikum koste oss under konserten. Det regna heile dagen, men det var kjekt å vere rundt skulen der me sov, høyre litt på andre korps, og handle laurds Dagen vart avslutta med ein flott festkonsert.

Landås skoles musikkorps får applaus etter NM-konserten.

På søndagen var det tid for ein ny lang busstur med Bornholm som mål. Igjen var vêret fint for pausene og stemninga i bussen var god. Me hadde eit strålande stopp i Getinge med bading, pizza og is ordna av lokalkjende.

Badestopp i Getinge
Beinstrekk rett før Ystad og båten vidare

Så kom korpset til Bornholm, og fekk tre dagar med sol, bading (ved campingen hadde me både basseng og sandstrand med morosame bølger) is, øving, speling, bursdagsfeiring, byutforsking, klatring, natur, slottsruin, festival i Brændesgårdshaven og ikkje minst: Seier i Bornholmsmesterskapet i luftgitar. Det var ein nydeleg sommartur for korpset!

Opalsøen
Seier i luftgitarmesterskap
Kveldsbading på vår lokale strand
Fellesspeling med andre korps i Brændesgårdshaven

Vegen heim gjekk igjennom Danmark til Hirtshals og båten til Bergen. Fint vêr og god stemning på denne delen av turen òg, før ein glad gjeng kunne gå av igjen ved Landåshallen og halde fram sommarferien med familiane sine.

Takk for turen, Landås skoles musikkorps!

ingen kommentarer enda
Søk
Driftes av Styreportalen AS