Sommarturar!

Sommarturar!

Tirsdag, Juli 29, 2025

I år var sommarturen delt i to: Junior/aspirant reiste til Os på minifestival, medan hovedkorpset reiste til Larvik for skulekorps-NM. Veldig kjekke turar! 🎶

Junior/aspirant reiste til Borgafjellet skule for ein minifestival saman med Os skulekorps, Ulriken Janitsjar og Haukeland Kronstad skolekorps. Her var det gruppeøvingar, fellesøvingar, marsjering og konsertar i Os sentrum, sosiale aktivitetar, og akkurat passe lite soving! Trivelege born, trivelege vaksne, og god stemning. Kjekt å bli kjent med andre korps, så noko slikt gjentek me gjerne!

Heile gjengen frå alle aspirant/juniorkorpsa. Det høyrtes storslagent ut!

Så kom slutten av juni, og skulekorps-NM. Hovedkorpset reiste til Larvik med håp om revansj, og det fekk dei! Etter igjen akkurat passe lite soving, litt øving og så ei  god fremføring, endte resultatet på festkonserten med ein god 2. plass i 3. divisjon. Veldig kjekt!

To av våre musikantar ventar sent på resultatet på festkonserten.

Dirigent Rita var like glad som musikantane, og stemninga var på topp!

Etter ein fin dag i Larvik med musikk, bading, leik, ballspel, gardemusikkoppvisning og ein sein kveld på skulen for mange reiste me vidare til Bø Sommarland. Der vart det vannsklier, mat, avslapping og etter kvart masse regn! Me tok så fatt på den lange vegen heim, som endte med at nattoget kom presist fram til Bergen kl 06:30, og årets sommartur var over.

Takk til alle dei kjekke borna og ungdommane i LSM som var med på tur! Og ikkje minst takk til dei som no går ut av korpset for alderen og me ikkje ser igjen. Takk for ein kjempeinnsats i mange år. 🎶🎺🎵

ingen kommentarer enda
Søk
Driftes av Styreportalen AS