I 20 år har Landås skoles musikkorps og Varden skoles musikkorps hatt haustkonsertar saman. I år var temaet film og gaming og det var ein strålande kveld i Fana kulturhus.
30. oktober var det duka for stor konsert i Fana kulturhus, der både aspirantkorps, juniorkorps og hovedkorps frå Varden skoles musikkorps og Landås skoles musikkorps hadde samla seg. Etter fellesøvingar var det tre store korps som viste seg fram, i kostymer som fulgte dagens tema.

Først fekk me høyre rockemusikk frå aspirantekorpset Landås+Varden, feiande flott dirigert av Roger Andreas Holme. Det var stødige rytmar og stilig musikk, imponerande av born som berre har spelt nokre månadar.

Det felles juniorkorpset imponerte med eventyr-musikk, her var det både vakre prinsar og prinsesser og store skumle troll. Dirigert av Janne Cecilie Knutsen var de blitt godt samspelte på kort tid!

Til slutt kom hovedkorpset, som hadde øvd inn mange felles stykke, dirigert av Are Ovesen og Rita Kvalnes. Det var musikk frå spel og film, iblanda ulike stykker der dei ulike instrumentgruppene hadde solo og fekk vist seg fram. Dei fekk verkeleg utnytta å vere eit stort korps med flott besetning, og det var kjekt å høyre.
Det var ein triveleg kveld med flinke musikantar, flotte kostymer, god musikk, kaker i pausa, pris for beste kostymer og stolte foreldre, venar og familie i publikum.

