Tidenes varmaste 17. mai i Bergen, og Landås skoles musikkorps spelte både i flaggtoget i sentrum og i skuletoget på Landås.
Folkefest i Bergen sentrum, og LSM spelte opp. Korpset marsjerte frå Marken og vart slusa inn i flaggtoget ved Festplassen, før ruta igjennom sentrum starta.

Hovedkorpset og dei mest erfarne juniorane spelte i sentrum, saman med litt foreldre. I tillegg var to flotte juniorar duskebarn ved fanebæraren si side. Det var ein varm og sliten gjeng som var godt nøgde med eigen innsats då korpset nådde fram til Koengen.
På ettermiddagen kom turen for toget på Landås. Korpset spelte på Landås skule før fjerde trinn underhaldt på skuleplassen. Vidare leia korpset an toget på Landås. Denne gongen både hovedkorps, juniorkorps og aspirantar, med nye duskebarn i front.

Dagen vart avslutta med speling på Landås menighets eldresenter og Ulrikstunet omsorgsbolig før det var tid for leikar og kafé på Landås skule.
Takk for ein god 17. mai!
(Bileta er tatt av Eirik Helgøy)