Søndag, September 21, 2025
I helga hadde LSM ein strålande start på hausten med eit inspirerande oppstartsseminar på Bergen inkluderingssenter. Helga var fylt med musikkglede, leik, læring og mykje god stemning!
Søndag, September 7, 2025
Landås skoles musikkorps arrangerer loppemarked på Slettebakken skole
Onsdag, August 20, 2025
Etter ein flott vårsesong er korpset no klar for ein ny haust. Fleire har rykka opp frå aspirant til junior, og junior til hoved, og me har mange nye musikantar klare for si først øving på måndag. Vil du bli ein av desse? Ta kontakt! Me har ledig plass på valthorn, kornett, klarinett og trombone.
Tirsdag, Juli 29, 2025
I år var sommarturen delt i to: Junior/aspirant reiste til Os på minifestival, medan hovedkorpset reiste til Larvik for skulekorps-NM. Veldig kjekke turar! 🎶
Søndag, Mai 18, 2025
For andre år på rad vart det sol og sommar på 17. mai i Bergen. LSM stilte opp på skuleplassen og i toget på Landås, og gjorde ein flott figur med både aspirantar og meir erfarne musikarar.
Mandag, Mars 10, 2025
Alle er velkomne til å prøve eit korpsinstrument komande måndag 17. og 24. mars. Me håpar på mange nye medlem i korpset!